Sveltihel

Og før dykk kastar glør på meg for nynorsken min, så er ikkje dette dialekta mi, men med tekstane til Blodsmak i øyra, vart eg regelrett inspirert til å fatte nokon ord på nynorsk, heilt utan ordbok. «Ikkje Et Ord» nynorsk har eg skreve sidan barneskulen, det blir nesten som «Ormetungetale» for meg. Men for gutane i Blodsmak er det nesten som om dei er oppveksne i tronge dalføre, med sine tekstar som duftar av stabbur, stev og slakting. Kanskje er det derifrå blodsmaken kjem. Kanskje har dei «Hjarte Av Stål», men at låtten ligg like under, treng ein ikkje tvile på.
Med tunge riff, knallharde trommer og rå vokal, fangar Blodsmak lytteren fra første «LA LA LALA LA LA LALAAAAA», og derfra går det nærmast lukt åt helvete, men «Det Plagar Ikkje Meg». Dei vekker åtgaum med sin framtoning på scenen, med sine svarte og raude skjorter og tunge ansiktsmaling, men «Hundar Som Oss» lyt ikkje la oss skremme av slikt, me draumer oss heller bort til «Soria Moria» i lag med gutane i Blodsmak, for musikken lengtar tilbake til gamle dagar, der bunad og ljå gikk hand i hand, det er jo «Alt Me Elskar», det.
Stilmessig er det vanskeleg å sette Blodsmak i bås, men kan hende trivast dei i bås for alt eg veit, men det poenget har eg allereie dekt godt nok. Sjølve har dei kalt stilen ‘hallingcore’, så får dykk dømme sjølve om det er noko de fristes til å høyre på, men eg anbefalar at dykk gir dei en sjanse, eg trur ikkje dykk vil angre. Gjennom denne anmeldelsen har eg snikt inn låttitlene undervegs, men eg fann ikkje ein fin ein for «Kakkerlakk», men fytti helvete for ein song! «Ka ka ka kakkerlakk»!! Medan ein «Svart Fugl» flyg over hustaket, går plata rett på repeat ein gong til, for ho lét så godt i øyret. Denne skiva lyt du ha!
5/6 | Jan Egil Øverkil
Utgjevningsdato 20. mars 2026
